Me er miljøfyrtårn!

Kveik AS har vore sertifisert miljøfyrtårnsverksemd sidan 2021, og me er opptekne av å ta omsyn til miljø og berekraft i alle vala me gjer. 🌿

Nærbilete av engkarse i ei eng.

Kveik AS og Kveik formidling AS jobbar mot å sikre ei mest mogleg miljøvennleg leveranse gjennom alle ledd av vår produksjon og våre tenester og tiltak. 

Dette skal me gjera gjennom:

  • Å tenkje miljø som ein naturleg og integrert del av vår verksemd
  • Å tilfredstilla miljøkrav og reguleringar frå offentlege myndigheiter
  • Å identifisera og redusera moglege kjelder til forureining
  • Å etterstrebe ein effektiv bruk av energi og ha eit minimum forbruk av forbruksmateriale
  • Å ha gode retningslinjer for den daglege drifta

Det å ta ansvar for miljøet vårt skal vera ein naturleg del av den daglege drifta av Kveik, som å stilla krav våre leverandørar knytt til innkjøp, energi, transport, avfall- og kjeldesortering og arbeidsmiljø. 

Miljofyrtarn Sertifisert virksomhet Positiv horisontal Medium

FN BEREKRAFTSMÅL

Kveik AS og Kveik formidling AS

Plansje med alle 17 bærekraftsmålene til FN

FN sine berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for berekraftig samfunnsutvikling, og berekraftsmåla gjeld for alle land i verda. 

 

Hovudsakeleg handlar berekraftsmåla om å oppnå berekraftig samfunnsutvikling innan tre område: økonomisk, sosialt og miljømessig. Dei tre viktigaste oppgåvene er å utrydda fattigdom, bekjempa ulikskap og stoppa klimaendringar

 

Noreg var pådrivar for å få måla vedtatt på FN si generalforsamling i 2015, og er forplikta til å jobba for at me når måla innan 2030. 

Kveik har valt ut 3 hovudmål som me skal ha som fokus inn i vårt daglege arbeid:

Mål 4 God utdanning

– sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle. 

Utdanning er noko av det viktigaste for at land skal kunna utvikla seg, og nøkkelen til å arbeida seg ut av fattigdom, mot betre helse og auka likestilling i samfunnet er gjennom arbeid og utdanning.

Kveik ynskjer å bidra til at flest mogleg kjem i jobb eller utdanning, og dette gjer me med å tilretteleggja, fylgja opp og bruka vår fagkompetanse, slik at vegen til jobb og utdanning vert best mogleg for flest mogleg.

Mål 8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst

– Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle.  

Alle menneske som er arbeidsdyktige skal få seg eit anstendig arbeid og inntekt – ein skal kunna leva av løna si. Vidare må dei unge inkluderast i arbeidsmarknaden.

Kveik bidreg med sitt samfunnsengasjement, og har som hovudformål å setja menneske i stand til å koma inn i arbeidslivet, gå attende til arbeidslivet eller tilby tilrettelagte løysingar. Kveik skal gje flest mogleg ein meiningsfylt arbeidskvardag, og visjonen vår er å vera best på arbeidsinkludering.  

Mål 12 Ansvarleg forbruk og produksjon

– Sikre berekraftig forbruks- og produksjonsmønstre

Berekraftsmål 12 handlar om å kasta mindre mat, elektronikk og anna avfall, og om kjeldesortering, avfallshandtering og gjenbruk. Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjera meir med mindre ressursar. 

Som Miljøfyrtårnsertifisert bedrift har Kveik som mål å sikra ein mest mogleg miljøvennleg leveranse av sine tenester. Dette skal me gjera ved å mellom anna identifisera og redusera moglege kjelder til forureining og energibruk, auka kjøp av miljømerka produkt, kjeldesortera alt avfall og ha fokus på gjenbruk der det høver seg. 

Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS