Om Kveik
Me er ei arbeid- og inkluderingsverksemd som leverer ulike arbeidsretta tiltak for NAV på Voss, Vaksdal og i deler av Hardanger.
Me er ei arbeid- og inkluderingsverksemd som leverer ulike arbeidsretta tiltak for NAV på Voss, Vaksdal og i deler av Hardanger.
Kveik AS og Kveik formidling AS sin visjon er å vera
best på arbeidsinkludering
Våre tilsette har utdanning og kompetanse innan ei lang rekke tema og fagområde, som helse, arbeidsliv, trening, pedagogikk, konflikthandtering og psykologi.
Alle menneske kan bidra i arbeidslivet – det gjeld berre å finna styrkene sine, og visa dei fram.
Me hjelper deg med motivasjon, verktøy og rettleiing, slik at du kan finna og dyrka dine sterke sider.
Vårt motto er: ME BRYR OSS
Hovudoppgåva vår er å driva med arbeid og inkludering. Målet vårt er å få fleire ut i arbeid, eller til utdanning.
Det er mange menneske i arbeidsfør alder som av ulike grunnar har falt utanfor arbeidslivet. Desse menneska er ein viktig, uutnytta ressurs, som me treng i arbeidslivet!
- Turid Midtun, dagleg leiar i Kveik
Vil du snakka med Turid?
Du når ho på tlf. 414 17 610
eller e-post turid@kveikarbeidsliv.no
Me trur at tett samarbeid og ein open dialog er viktige verkemiddel for å lukkast for alle partar.
- Svanhild Tufteland Tvilde, kontaktperson for samarbeid og rekruttering.
Vil du snakka med Svanhild?
Du når ho på tlf. 950 48 094 og
eller e-post svanhild@kveikformidling.no
På krav frå Arbeids- og velferdsdirektoratet har Kveik AS valt EQUASS assurance som europeisk system for kvalitetssikring av velferdstenester.
Arbeid & Inkludering er ei bransjeforening i NHO, som har 115 medlemsbedrifter. Saman med dei hjelper vi flere mennesker inn i arbeidslivet.
Som miljøfyrtårn tek me eit aktivt miljøansvar og bidreg til grøn omstilling, og me er forplikta til å dokumentera eigen miljøinnsats innanfor områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.
Me er underleverandøren til A2G i tiltaket Arbeidsretta rehabilitering (ARR).
Kveik er tilknytta Helt med, som er ei nasjonal ordning kor du kan kvalifisera deg til tilrettelagt arbeid i ordinært arbeidsliv.
OK AMB er ei forkorting av OpplæringsKontoret ArbeidsMarknadsBedriftene. Saman med dei gjennomfører me tilrettelagt fagopplæring etter opplæringslova.
Eide gard i Kvam kommune har fem tiltaksplassar for deg som står utanfor arbeidslivet og treng hjelp til å kvalifisera deg mot arbeid eller utdanning.