Etiske retningslinjer

Som tilsett ved Kveik AS har me eit stort ansvar for å opptre verdig, og syne godt etisk skjønn, samt utøve god vurderingsevne.

Som tilsett ved Kveik AS har me eit stort ansvar for å opptre verdig, og syne godt etisk skjønn, samt utøve god vurderingsevne. Ved å vera tilsett ved Kveik AS, pliktar ein å ha ein god etisk framferd der våre handlingar og avgjersler skal være basert på tanken om heilskap. God, rask og open kommunikasjon skal vera eit kjenneteikn hjå oss.

Tilsette ved Kveik AS kan ikkje delta i sakshandsaming der ein sjølv (direkte eller indirekte) er involvert – jfr Forvaltningslova § 6, krav til habilitet.

Alle tilsette skal arbeida for eit inkluderande arbeidsmiljø der likeverd og gjensidig respekt pregar våre ord og vår framferd. Ingen som oppheld seg på Kveik skal diskriminerast grunna kjønn, rase, alder, seksuell legning, sosial bakgrunn, religion, tru, politisk oppfatning, nasjonalitet og kulturell bakgrunn.
Alle har rett til å setja fram klage på tilhøve i verksemda.

Kveik as skal legge til rette for at deltakarane ikkje vert fysisk, psykisk eller økonomisk utnytta. Alle tilsette skal vera bevisst sin maktposisjon og vise respekt og anerkjenning overfor deltakarar og vera positiv for tilbakemeldingar.

Tilsette ved Kveik vil avstå frå å gje eller ta imot gåver eller andre godar, dersom dette kan påverke vår eller våre samarbeidspartar sin integritet og sjølvstende. Alle økonomiske transaksjonar me gjer skal til ein kvar tid tåle gransking mot lover og regler i samfunnet.

 

Brukarmedverknad og Empowerment

Kveik as skal leggje til rette for at aktiv brukarmedverknad vert ivaretatt i heile attføringsforløpet – frå inntak til avslutning i tiltaket. Me ynskjer at våre deltakarar skal vera involvert i utviklinga, gjennomføringa og evalueringa av tenesta. Me ynskjer å gje tiltaksdeltakarane våre ei stemme og innflytelse i korleis tilbodet deira vert utforma, skal at tilbodet kan tilpassast deira behov og ynskje. 

Empowerment er viktig i deltakar sitt tiltaksløp då dette gjev deltakar moglegheit å ta eigarskap over sitt eige liv og utvikling. Her på Kveik bruker me empowerment for at deltakar skal få moglegheita å ta ansvar for sin eigen situasjon, verta mindre avhengig av ytre hjelp og å fremje ein meir berekraftig livskvalitet. Empowerment bidreg og til sosial rettferdighet ved å utjevne maktforhold og sikre at alle har lik moglegheit til å påvirke omgjevnaden rundt seg.  

Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS