Samarbeid og rekruttering

Me samarbeider om arbeidspraksis med mange aktørar i vestlandsregionen, og ynskjer å knyta til oss endå fleire.

 

Lær meir om korleis me jobbar med samarbeid og rekruttering.

Et bilde av små trefigurer av mennesker i en sirkel, med linjer i mellom seg skal symbolisere samarbeid. Bildet er i sort og hvitt, og bak bildet er en gul dekorativ kant.

Kvifor arbeidspraksis?

Den beste arbeidstreninga får ein i det ordinære arbeidslivet. Me har på det jamne 30-40 deltakarar ute på arbeidsplassar rundt omkring på Voss, Vaksdal og i Hardanger.

 

Gjennom praksisarbeid skapar me verdifulle koplingar, læring og meirverdi for både arbeidsgjevar og arbeidstakar.

 

 

Arbeidspraksis i di bedrift?

Som arbeidsgjevar får du moglegheit til å prøva ut folk i praksis før du vurderer tilsetjing. I tillegg får du rettleiing, støtte og oppfølging av arbeidstakar etter behov og ynskje. 

 

Hovedmålsetjinga er at jobbsøkar, gjennom hospitering i ei verksemd, blir kvalifisert til ordinært arbeid. Mange blir formidla til jobb, anten hjå praksisverksemda eller annan eigna arbeidsplass. 

Rett person til rett arbeidsplass er viktig, både for verksemd og menneske 🧩

Dette trur me på:

  • Viss jobbsøkjar skal lukkast trengst det gode og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Den beste arbeidstreninga skjer i det ordinære arbeidslivet.
  • Alle menneske kan vera ressursar i jobbsamanheng, om ein set dei i posisjon til å lukkast.

 

Ta samfunnsansvar!

For at me skal lukkast med vårt samfunnsoppdrag, er me avhengige av at alle er med og bidreg. 

 

Tilbyr du praksis eller jobb til ein jobbsøkjar gjennom Kveik, er du også med og tek eit viktig samfunnsansvar.

Portrett av Svanhild Tufteland Tvilde som er ansatt i Kveik.

– Me trur at tett samarbeid og ein open dialog er viktige verkemiddel for å lukkast for alle partar.

 

Svanhild Tufteland Tvilde, kontaktperson for samarbeid og rekruttering.

Rekruttering: Ringer i Vannet

Med rekrutteringsstrategien Ringer i vannet koplar me menneske som av ulike grunnar har falt utanfor arbeidslivet med NHO-bedrifter.

Et bilde av et forstørrelsesglass mot en liten trefigurer av et menneske skal symbolisere rekruttering. Bildet er i sort og hvitt, og bak er en gul dekorativ kant.

Ein veg inn i arbeidslivet

Ringer i vannet gir menneske som står utanfor arbeid og utdanning mogelegheit til varig tilknytning til arbeidslivet. 

 

Dette er viktig for både individet, verksemdene og samfunnet!

 

  • Me kartlegg arbeidsgjevar sitt behov for arbeidskraft
  • Me bistår med å finne jobbsøkjarar som kan passe stillinga
  • Arbeidsgjevar får bistand i form av rettleiing og oppfølging av praksisløpet
  • Du tek eit viktig samfunnsansvar!

Kva er “Ringer i vannet”?

  • Rekrutteringsstrategi der ein koplar menneske som har hamna utanfor arbeidslivet med NHO-bedrifter.
  • Tek utgangspunkt i arbeidsgivar sitt behov for arbeidskraft.
  • Tett oppfølging av kandidat og arbeidsgivar før, under og etter tilsetjing.
  • Ordningen opnar for ein kortare kostnadsfri praksisperiode utan arbeidsgivaransvar.
  • Målet er fast tilsetjing og fleire tilbake i arbeidslivet.

Kva me oppnår:

  • Fleire menneske inn i arbeidslivet.
  • Meistring og arbeidsglede.
  • Berekraftig velferdsutvikling.
  • Ein god måte for verksemdene å bidra og visa samfunnsansvar på.

 

Eksterne samarbeidspartnarar

Arrow extern

Via metoden Ringer i Vannet hjelp vi bedrifter med arbeidskraft. 

Les meir om Ringer i vannet på NHO sine heimesider. 

Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS