Om Kveik

Me er ei arbeid- og inkluderingsverksemd som leverer ulike arbeidsretta tiltak for NAV på Voss, Vaksdal og i deler av Hardanger.

God stemning på kontoret, kvinne ser mot kollega og smilar.

Me vil:

  • Bidra til at flest mogeleg kjem i jobb og utdanning.
  • Tilrettelegga, følga opp og bruka vår fagekspertise slik at vegen til jobb blir best mogeleg.
  • Sjå deg blomstra i ein meiningsfull arbeidskvardag!

Våre metodar:

  • Personleg oppfølging, samtalar, interesseutforsking og karriererettleiing.
  • Samarbeid med lokalt næringsliv og nasjonale aktørar for å gi gode moglegheiter for arbeidsutprøving og tilsetjing.

Vår fagkompetanse:

Våre tilsette har utdanning og kompetanse innan ei lang rekke tema og fagområde, som helse, arbeidsliv, trening, pedagogikk, konflikthandtering og psykologi.

Me har trua!

Alle menneske kan bidra i arbeidslivet – det gjeld berre å finna styrkene sine, og visa dei fram.

Me hjelper deg med motivasjon, verktøy og rettleiing, slik at du kan finna og dyrka dine sterke sider.

Turid Midthun ser mot kamera og smilar. Grøntområde i bakgrunnen, sumarstemning.

Hovudoppgåva vår er å driva med arbeid og inkludering. Målet vårt er å få fleire ut i arbeid, eller til utdanning.

 

Det er mange menneske i arbeidsfør alder som av ulike grunnar har falt utanfor arbeidslivet. Desse menneska er ein viktig, uutnytta ressurs, som me treng i arbeidslivet!

 

- Turid Midtun, dagleg leiar i Kveik 

 

 

 

Vil du snakka med Turid? 
Du når ho på tlf. 414 17 610
eller e-post turid@kveikarbeidsliv.no

Portrett av Svanhild Tufteland Tvilde som er ansatt i Kveik.

Me trur at tett samarbeid og ein open dialog er viktige verkemiddel for å lukkast for alle partar.


- Svanhild Tufteland Tvilde, kontaktperson for samarbeid og rekruttering.

 

 

Vil du snakka med Svanhild? 
Du når ho på tlf. 950 48 094 og
eller e-post svanhild@kveikformidling.no

Samarbeidspartnarar

Logo - Ringer i vannet

Med rekrutteringsstrategien Ringer i vannet koplar me menneske som av ulike grunnar har falt utanfor arbeidslivet med NHO-bedrifter.

Besøk sida til Ringer i vannet 

Logo arbeid og inkludering - small

Arbeid & Inkludering er ei bransjeforening i NHO, som har 115 medlemsbedrifter. Saman med dei hjelper vi flere mennesker inn i arbeidslivet. 

Besøk sida til Arbeid og inkludering

Logo- Equass

På krav frå Arbeids- og velferdsdirektoratet har Kveik AS valt EQUASS assurance som europeisk system for kvalitetssikring av velferdstenester.

Les meir om Equass 

Logo - NHO service og handel

Ringer i Vannet (RIV) er et samarbeid mellom NHO og arbeids- og inkluderingsbedriftene.

Besøk sida til NHO

Logo - Miljofyrtarn

Som miljøfyrtårn tek me eit aktivt miljøansvar og bidreg til grøn omstilling, og me er forplikta til å dokumentera eigen miljøinnsats innanfor områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.

Les meir om krava me har på oss

Logo A2g kompetanse

Me er underleverandøren til A2G i tiltaka Avklaring og Arbeidsretta rehabilitering (ARR).

Du kan lesa meir detaljert om avklaring på sidene til A2G.

Logo Heilt med

Kveik er tilknytta Helt med, som er ei nasjonal ordning kor du kan kvalifisera deg til tilrettelagt arbeid i ordinært arbeidsliv.

Besøk sida til Heilt med 

Logo Ok AMB

OK AMB er ei forkorting av OpplæringsKontoret ArbeidsMarknadsBedriftene. Saman med dei gjennomfører me tilrettelagt fagopplæring etter opplæringslova.

Besøk sida til OK-AMB

 

Eide gard i Kvam kommune har fem tiltaksplassar for deg som står utanfor arbeidslivet og treng hjelp til å kvalifisera deg mot arbeid eller utdanning. 

Kontakt oss for å høyre meir om Eide Gard

Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS