Kveik anerkjenner verdien av mangfald og inkludering i samfunnet!

Pride Kveik hjarta

Som ei stolt arbeids- og inkluderingsbedrift anerkjenner Kveik verdien av mangfald og inkludering i samfunnet. 🙌

Juni, som er Pride-månad, er ei viktig tid for oss, der me feirar kjærleik, aksept og likskap for alle, uavhengig av seksuell orientering eller kjønnsidentitet.  

Vårt engasjement for mangfald betyr at me aktivt arbeider for eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø der alle våre tilsette og deltakarar skal kjenne seg verdsette og respekterte.  

Ved å stå saman med LGBTQ+ samfunnet, spesielt i denne meiningsfulle månaden, viser me i Kveik vår dedikasjon til å skape ei meir rettferdig og inkluderande verd for alle ❤️

  • Regnboge love is love - kjærleik er kjærleik uansett kva form det er i
Forrige
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS