Jubileumsfest for Kveik 50 år!

Me i Kveik er stolte over 50 år med viktig arbeid- og inkluderingsarbeid! 

Marsipankake med teksten Kveik 50 år og roser i kvart hjørna

I 2023 feira me 50 år og hadde fleire markeringar gjennom heile året. 

 

Sjølve jubileumsfesten for Kveik sine tilsette i tilrettelagt arbeid og arbeidstrening gjennomførte me i mai-24 🤩

Mange Jubileumsdrinker med jordbær oppi

Me brukte mykje tid på planlegging, booka lokale, mat og musikk. 

Arbeidstakarane våre strauk finstasen og pussa danseskoa sine, og torsdag 30. mai var endeleg dagen komen 👗🧥👠

 

I fint sommarvêr på Vandrarheimen feira me Kveik 50 år saman med dei viktigaste folka - våre tilsette!

 

Me fekk servert nydeleg mat tilbereda av vår eiga cateringavdeling før me gjorde oss klare for sprell på dansegolvet der Uncle Benny`s spela opp til dans for oss 💃🕺

 

Uncle bennys spelar opp til dans

Timar seinare denne varme, fine maikvelden rusla me heim og hadde med oss mange gode minner frå ei jubileumsfeiring som feira både våre tilsette og det arbeidet dei gjer kvar dag.

 

Me takkar alle som bidrog til at denne kvelden vart magisk og uforgløymeleg for oss alle! ❤️

 

Me går for nye 50 år!

Forrige Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS