Om AFT

AFT er eit individuelt tilpassa tiltak for dei som har nedsett arbeidsevne og samansette bistandsbehov for å kome ut i arbeid.

AFT kan vare i inntil eitt år, med moglegheit for forlenging. Tiltaket skal gje tilbod om arbeidsretta opplæring og utprøving av arbeidsevne, og auke moglegheitene for å få ordinært arbeid. For å styrke den einskilde vil me jobbe med karriererettleiing og karrierekompetanse. Me kan også tilby yrkesopplæring med tilhøyrande opplæringsbevis.

I tiltaksperioda vil det også vere fokus på jobbsøkjaraktivitetar med mellom anna skriving av CV, søknad og førebuing til jobbintervju.  Ein jobbkonsulent vil bistå den einskilde med å utarbeide ein personleg handlingsplan for tiltaket. Gjennomgang av aktuelle tema kan også gå føre seg i mindre grupper.

Me tilbyr AFT som eit fulltidstilbod med minst 30 timar i veka. For dei som ikkje kan starte i fulltid, kan ein starte i 50%.

Søknad om AFT skjer gjennom det lokale NAV-kontoret.

_MG_2187re