AFT - Arbeidsførebuande trening

_MG_2191re

AFT er eit arbeidsretta tiltak på veg mot ordinært arbeid. Tiltaket gjev praktisk arbeidstrening innan ulike arbeidsfelt. Det kan innehalde karriererettleiing, og hjelp til å utvikla ressursane dine, som vidare kan betra utsiktene til å komma i ordinært arbeid, skule eller andre tiltak.

For å få plass i tiltaket må du vera registrert som arbeidssøkar hjå Nav. Du må også ha eit attføringsbehov: nedsett arbeidsevne (sjukdom, skade, språklege og/eller sosiale utfordringar).

Innhald i AFT kan vera: karriererettleiing, hensiktsmessige arbeidsoppgåver, arbeidsevneutprøving, arbeidslivskunnskap, opplæring og undervisning, sosial trening og rettleiing, samt hospitering i ordinære bedrifter. Det er også fokus på fysisk aktivitet, kosthold, motivasjon og meistring.

Tiltakstida i AFT er inntil 12 månader (med mogeleg forlenging, 1+1 år).

Svanhild Tufteland Tvilde

Avdelingsleiar AFT

Svanhild Tufteland Tvilde

Tlf: 950 48 094
E-post: svanhild@kveikarbeidsliv.no