Eit vellukka samarbeid

Me tok ein prat med butikksjef Janne Hjørnevik frå Kiwi Palmafossen for å høyra litt om erfaringane ho har gjort seg rundt samarbeidet med Kveik 🤝

 

Butikksjef Janne Hjørnevik frå Kiwi Palmafossen

Kiwi Palmafossen er ein av fleire gode samarbeidspartnarar frå lokalt næringsliv.

Etter ein periode med arbeidstrening/praksis har fleire av våre deltakarar fått fast tilsetjing på ordinære vilkår hjå Janne på Kiwi. Janne fortel at ho berre har gode erfaringar med samarbeidet med Kveik. 

Me har samarbeida i mange år og ho syns det er meiningsfullt å kunne bidra til at folk kjem ut i arbeid, og meistrar arbeidslivet. Ho vektlegg viktigheita av å gje alle ein sjanse, og uttrykker at det er kjekt for henne som leiar å kunne bidra til dette. Ho understrekar at den gode oppfylginga ein får gjennom Kveik er avgjerande for det gode samarbeidet.

Butikksjef Janne Hjørnevik frå Kiwi Palmafossen

Jobbkonsulenten har hovudansvar for å arrangere oppfylging- og evalueringssamtalar, og i fellesskap med verksemda set ein mellom anna mål og plan for vidare arbeid, synleggjer ressursane hjå den enkelte, og kartlegg eventuelle tilretteleggingsbehov. 

 

Denne oppfylginga er med på å sikre at deltakarane får ein individuell og målretta plan, tilpassa den einskilde sitt behov. Dette er noko Janne ser på som viktig, og at ein har ein felles forståing og framgangsplan ut i frå deltakarane og arbeidsplassen sine føresetnadar. 

 

Det at Kveik tek initiativ, ansvar, og ikkje minst tid til oppfylging, gjer at Janne opplever at ho har betre erfaring med Kveik kontra andre tilsvarande aktørar. 

 

Nokre andre fordelar med arbeidspraksis før eventuell ordinær tilsetjing, er at ein har moglegheit til å bli kjend med personen over tid og å ta større del i utviklinga til den einskilde. 

Icon som symboliserer arbeidstrening

Janne vil anbefale Kveik til andre verksemder og meiner fleire burde nytte seg av samarbeidsmoglegheitene. 

 

Eit samarbeid med Kveik kan bidra til inkludering i arbeidslivet og til at verksemdene tek eit samfunnsansvar.

Interessert i arbeidspraksis? 

Les meir om arbeidspraksis her, og ikkje nøl med å ta kontakt om du lurar på noko 👋

Forrige Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS