Arbeidstrening (AFT)
Alle har evne til å bidra i arbeidslivet og samfunnet, om dei får sjansen! 🏋️
Med arbeidsførebuande trening (AFT) gjennom Kveik får du personleg tilrettelegging, oppfølging og hjelp til å finna nye jobbmoglegheiter.
Alle har evne til å bidra i arbeidslivet og samfunnet, om dei får sjansen! 🏋️
Med arbeidsførebuande trening (AFT) gjennom Kveik får du personleg tilrettelegging, oppfølging og hjelp til å finna nye jobbmoglegheiter.
Slit du med å finna jobb eller velga utdanning? Har du helseutfordringar som gjer at du lyt endra retning?
Arbeidstrening er eit individuelt tilpassa tiltak for dei som har som mål å koma i ordinært arbeid eller utdanning.
For å få arbeidstrening hjå oss lyt du søka via NAV – ta kontakt, så hjelper me deg med søkeprosessen!
Alle menneske kan bidra i arbeidslivet – det gjeld berre å finna styrkene sine, og visa dei fram.
Me hjelper deg med motivasjon, verktøy og rettleiing, slik at du kan finna og dyrka dine sterke sider.
Arbeidstrening passar for dei som har nedsett arbeidsevne, eller av ulike årsaker står utanfor arbeidslivet.
Jobbkonsulentane våre har variert fagleg bakgrunn og lang erfaring innan tilrettelegging, relasjonsbygging og formidling, både til arbeid og utdanning.
Eide gard i Tørvikbygd: Delta i fjøsarbeid, eggproduksjon, skogsarbeid, snikkararbeid og mekanisk arbeid! Garden tilbyr og mengdetrening for deg som er i gang med sertifikatet.
OK-AMB tilbyr opplæring for lærlingar og lærekandidatar som har behov for eit tilrettelagt læreløp.
Les meir om Eide Gard og OK-AMB lengre ned på sida.
Det finst mange grunnar til at det kan stoppa opp på jobbfronten…
Me er her for å hjelpa deg vidare! 💫
Kan arbeidstrening vera noko for deg? Ring oss då vel, så finn me ut av det saman!
Du kan ringe meg på tlf. 950 48 094 eller sende ein e-post til svanhild@kveikformidling.no.
Dette er nokre av våre samarbeidspartnarar innan arbeidstrening:
Eide gard i Kvam kommune har fem tiltaksplassar for deg som står utanfor arbeidslivet og treng hjelp til å kvalifisera deg mot arbeid eller utdanning.
Jan Roy og Kari Britt Eide driv Eide gard, og tilbyr arbeidstrening innan fjøsarbeid, eggproduksjon, skogsarbeid, snikkararbeid, mekanisk arbeid, handarbeid og matlaging. Dersom du er i gang med køyreopplæring til sertifikat, kan du få mengdetrening på garden innan traktor, bil og gravemaskin.
Tilbodet er for deg som har rusrelaterte eller psykiske helseutfordringar. Sosial trening, karriererettleiing og utprøving i ordinært arbeidsliv er ein del av moglegheitene du kan nytta deg av. Tilbodet er individuelt tilpassa dine behov og føresetnader.
I Hordaland Folkeblad kan du lese ei reportasje om Eide gard og tilbodet. (for abonnentar).