Samarbeid med Kveik

Hovedmålsetjinga er at jobbsøkjar, gjennom hospitering i ei verksemd, blir kvalifisert til ordinært arbeid. Mange blir formidla til jobb, anten hjå praksisverksemda eller annan eigna arbeidsplass. Nøkkelen for at jobbsøkjar skal lukkast er godt samarbeid og praksisverksemder som gjev gode og meiningsfulle arbeidsoppgåver.

Kveik arbeider for gode løysingar for alle partar. Slik skapar me grunnlaget for verdifulle relasjonar mellom  arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Kveik veit at den beste arbeidstreninga er i det ordinære arbeidslivet. På det jamne har Kveik 30-40 deltakarar ute på arbeidsplassar rundt omkring på Voss, Vaksdal og i Hardanger.

For at me skal lukkast med vårt samfunnsoppdrag, er me avhengige av at alle er med og bidreg. Tilbyr du praksis eller jobb til ein jobbsøkjar gjennom Kveik, er du også med og tek eit viktig samfunnsansvar.