Ekspertbistand

Opplever du hyppig eller langvarig sjukefråvær på arbeidsplassen?

 

Me tilbyr koordinert bistand til arbeidsgjevar og arbeidtakar i slike situasjonar, med fokus på å finna gode og berekraftige løysingar.

Et bilde av et håndtrykk skal symbolisere ekspertbistand. Bildet er i sort og hvitt, og bak er en gul dekorativ kant.

Varierte utfordringar

Samansette helseutfordringar på arbeidsplassen kan vera krevjande å handtera for ein leiar. Det kan vera mange ulike faktorar som påverkar sjukefråværet. 

 

Med ekspertbistand får du hjelp av ein tredjepart med erfaring i å navigera slike utfordringar. 

 

Ekspertbistand er eit naturleg steg etter å ha prøvd å løysa situasjonen ved tilrettelegging, oppfølging og kontakt med bedriftshelseteneste.

Dette gjer me:

  • Me opptrer som nøytral part, sjølvsagt med teieplikt.
  • Me føretek arbeidsplassvurdering og samtale med både den tilsette og arbeidsgjevar.
  • Me bidreg anten du treng konflikthandtering, verktøy for å handtere sjukefråvær eller berre ein samtalepartnar.
  • Me gir tilbakemelding med konkrete forslag til løysingar og forbetringar.

Dette er målet:

  • Redusert sjukefråvær, og mindre kostnader knytta til sjukdom på arbeidsplassen.
  • Å finna enkle og gode løysingar som får arbeidsforholdet til å fungera.
  • Nokre gonger kan det vera nødvendig med andre løysingar, som arbeidsutprøving i andre verksemder.

Utgifter til ekspertbistand er dekka av NAV

Arbeidsgjevar kan få dekka utgiftene til eksperbistand gjennom NAV. Les meir om ekspertbistand på sidene til NAV.

 

Me kjem gjerne innom din arbeidsplass for å fortelja meir om kva ekspertbistand er – heilt uforpliktande!

Du treng ikkje løysa alt åleine.

 

Me spelar ball med både arbeidsgjevar og -takar, og saman finn me den beste løysinga! ⚽️

Faggruppa i Kveik Kompetanse

Me er ekspertar på sjukefråvær, arbeidsmiljø, konflikthandtering og arbeidsinkludering. 

 

Lena Gjernes

Avdelingsleiar kompetanse / Fagansvarleg

Lena Gjernes
Tlf: 906 28 212
lena@kveikarbeidsliv.no

Lena har lang erfaring som ergoterapeut, og har vidareutdanning innan leiing. Ho utfører arbeidsplassvurderingar og finn løysingar innan tilrettelegging på arbeidsplassen.

Lena er og sertifisert karriererettleiar og har erfaring med sjukefråværsoppfølging og konflikthandsaming. 

Andrea Aspen

Jobbkonsulent

Andrea Aspen
Tlf: 928 06 610
andrea@kveikarbeidsliv.no

Andrea har utdanning som personleg trenar, med ein bachelor innan folkehelse og fordjupning i fysisk aktivitet. Ho er god på å sjå mogelegheiter trass i helseutfordringar, med mykje kompetanse innan livsmeistring, kosthaldsrettleiing og førebyggande tiltak for å styrka og vedlikehalda god livskvalitet.

Eksterne samarbeidspartnarar

Arrow extern

Arbeid og inkludering

Arbeid & Inkludering er ei bransjeforening i NHO, som har 115 medlemsbedrifter. Saman med dei hjelper vi flere mennesker inn i arbeidslivet. 

Besøk sida til Arbeid og inkludering

 

Arrow extern

OK-AMB

OK AMB er ei forkorting av OpplæringsKontoret ArbeidsMarknadsBedriftene. Saman med dei gjennomfører me tilrettelagt fagopplæring etter opplæringslova.

Besøk sida til OK-AMB 

Nysgerrig på ekspertbistand?

Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS