NYTT PROSJEKT I EI VANSKELEG TID

Då Covid-19 / koronaviruset slo inn i Norge var me på kveik, som resten av landet vårt, spent på kvar det ville ende. Det kom restriksjonar mot å ha deltakarar på huset og all oppfylging skulle skje digitalt. Me hadde heimekontor og me vart plutseleg veldig digitale, ein bratt læringskurve for mange av oss 😊

Situasjonen gjorde at nokre av våre tenester vart satt på pause og me måtte snu oss rundt og tenkje nytt. Dette resulterte i at me fekk i gang eit spanande prosjekt i samarbeid med Profil emballasje på Vaksdal om å produsera ansiktsvisir i plast. Profil emballasje står for produksjonen av råvarene og Kveik står for montering og pakking av ansiktsvisir før dei vert distribuert ut til helsevesenet. Det er kjekt å få vera med å produsera naudsynt smittevern som helsevesenet trenger.