Me er stolte av resultatet vårt så langt i år, kor Kveik ligg på 3. plass i formidlingsprosent på landsbasis. Om lag 70 % av arbeidssøkjarane som har vore i tiltaket arbeidsførebuande trening (AFT)  hjå Kveik har fått seg arbeid eller byrja med utdanning hittil i 2020!

Jobbkonsulentane i Arbeidsførebuande trening. Frå venstre: Sjur Skeie Petersen, Hege Lydvo,
Svanhild Tufteland Tvilde, Lena Gjernes og Åse Marie Jordal

Kveik er ei av om lag 110 arbeid- og inkluderingsverksemder i Noreg, som jobbar med å formidle arbeidssøkjarar til ordinært arbeid eller utdanning. Det kan vere menneske med nedsett arbeidsevne eller med andre forhold som har gjort det vanskeleg å kome seg i arbeid. På Kveik har me 23 tiltaksplassar og i tillegg har me 5 tiltaksplassar innan Grønt arbeid på Eide gard i Tørvikbygd (Kvam).

Målet i tiltaket er at minst 50% av arbeidssøkjarane skal ut i lønna arbeid eller utdanning, der Kveik har klart å få 58,8 % ut i arbeid og 11,8 % i utdanning. Me er stolte av å ha formidla så mange til jobb og utdanning på eit år, og til tross for korona-nedstenginga me har hatt i samfunnet.

Tal frå arbeid og inkludering

Tett oppfylging av arbeidssøkjar og arbeidsgjevar undervegs i tiltaket har stor betyding for at me har lukkast. Me er heilt avhengige av å ha eit godt samarbeid med næringslivet,  og mange verksemder tek samfunnsansvar og rekrutterer arbeidskraft gjennom Kveik.  Me er stolte over resultatet vårt og takksame for det gode samarbeidet me har med næringslivet, og me vil forsetje å jobbe mot gode resultat også i 2021.