Kveik + Invertapro = Godt samarbeid

I 2019 har Kveik hatt eit tett samarbeid med den nye bedrifta Invertapro. I dei nye flotte lokala sine på Istad utviklar og produserer Invertapro dyrefôr og plantegjødsel ved hjelp av larvar og biller.

I løpet av 2019 har Kveik hatt 7 ulike personar utplassert i fabrikken på Istad, og to av dei har fått fast jobb.

Gründer Alexander Solstad Ringheim fortel: «Samarbeidet med Kveik har vore bra og profesjonelt. Oppfølginga har vore god. Me har fått inn dyktige folk, alt i frå statsvitar til økonom, og til praktisk hjelp i produksjonen. Me set pris på tilliten Kveik har vist oss, og det har vore til god hjelp for ei ny bedrift som oss, og ei bedrift som treng å knytte til seg kompetanse på ulike områder.»  

Det har vore ein vinn-vinn situasjon, der deltakarar i ulike tiltak har fått verdifull arbeidserfaring og referansar frå arbeidslivet, og Invertapro har fått anledning til å prøve ut personar i praksis, før ei eventuell tilsetting.

Anton (i midten) hospiterer hjå Invertapro to dagar kvar veke, saman med ein annan deltakar frå Kveik, der dei tek del i produksjonen av larvar og biller. Anton fortel at dei er med på mating og hausting av larvar, merking av emballasje, dagleg vasking og rydding. Dette er ei ny og spanande erfaring!