Kurs i karriererettleiing

Treng du / dine tilsette hjelp til vidare yrkesval eller treng du hjelp til å finne riktig utdanning for å kvalifisere deg til jobb?

Kveik tilbyr skreddarsydd karriererettleiing for å hjelpe personar vidare mot jobb eller utdanning.

Kveik sine jobbkonsulentar nyttar anerkjente karriererettleiingsverktøy og har god kjennskap til arbeidsmarknaden lokalt og nasjonalt. Gjennom grunding kartlegging av den einskilde sin kompetanse, arbeidserfaring, interesser og eigenskapar vert ein bevisst på sine ressursar og moglegheiter. Ein vert dermed i stand til å gjere eit nytt og godt karriereval.

Ynskjer du å melde din interesse eller du ynskjer meir informasjon om kurset og pris, ta kontakt på tlf 906 28 212 eller epost firmapost@kveikarbeidsliv.no