Avisartikkel i «Hordaland folkeblad», fredag 7 mai 2021

I Tørvikbygd tek Kari Britt og Jan Roy Eide imot unge vaksne som treng arbeidstrening. I fjor enda tre av fire med fast arbeid.

Tekst og foto: Ragnhild Økland Børven borven@hf.no

Aodne Valland er ein av dei tre som har kome seg ut i arbeid. Han hugsar godt kor spent han var fyrste dagen på arbeidstrening. Valland sleit med sosial angst og var nervøs. Kari Britt og Jan Roy viste forståing og var tolmodige. Det var akkurat det han trong.

Ekteparet Eide i Tørvikbygd vart kontakta av Nav Hordaland i 2015. Nav var på jakt etter det som kallast ein «Inn på tunet-gard» i Kvam, som kunne ta imot unge vaksne som trong arbeidstrening. Dei hadde tidlegare hatt ein del skuleelevar i praksis på garden, og hadde vore borti tilrettelegging av arbeid. Dei heiv seg rundt.

Gardbrukaren står for dagleg drift og oppfylging av deltakarane, og det er ei lang rekkje krav og kvalifikasjonar som skal oppfyllast. Etter eitt år var paret på Eide godkjent, og dei fyrste arbeidarane kom inn på tunet.

Kjensla av meistring

Aodne Valland arbeidde på garden i fjor. I dag er han i fast arbeid på Rema 1000 i Norheimsund. Der trivst han veldig godt. Det beste er kollegaene, og det at han lærer noko nytt kvar dag.
   – Dette opplegget har vore heilt fantastisk for meg. No er eg ei mykje betre utgåve av meg sjølv, seier Valland.

Aodne Valland trivst godt i arbeid på Rema 1000 i Norheimsund. Det mest utfordrande med å koma i arbeid var å jobba lengre dagar, men det gjekk fort over.

Det beste med ordninga, totalt sett, var at han lærte så mykje forskjellig. Fyrst av alt det å koma seg opp om morgonen, men også meir generelle ting som husstell, forståing for tolmod og det å gjera sitt beste. Om han gjer sitt beste, så er det det det er. Då skal han ikkje samanlikna det med det beste andre kan gjera.
   – Eg kjende mykje på kjensla av å meistra då eg jobba på garden. Dei var flinke til å «pusha» meg. Ikkje for mykje, men nok, fortel Valland.

Valland fekk òg lærekøyra ein del på arbeid og tok lappen før han var ferdig. Slikt legg dei til rette for på garden. Andre har teke traktorlappen og avløysarkurs, og kurs i bruk av motorsag.

Det mest utfordrande med å koma ut i fast arbeid var å jobba lengre dagar, men det gjekk fort over. På garden jobba dei frå klokka 8 til klokka 14.

Arena for arbeidstrening

Då HF kjem på vitjing ein onsdag, er det lunsjtid. Arbeidarane, hovudsakleg unge vaksne, tek ein pust i bakken etter fyrste økta, med god mat rundt bordet. På garden har dei fem tiltaksplassar, og det er Nav som søkjer inn deltakarane som treng hjelp til å koma seg ut i jobb eller utdanning. Dei som kjem til garden, treng ikkje erfaring eller interesse for gardsarbeid før dei startar.
   – Eg likar å utfordra folk. Dei får prøva ting dei aldri har prøvd, seier Jan Roy.
Deltakarane nikkar rundt bordet.
   – Det er ikkje gardsarbeid som er yrkesmålet. Det skal vera ein arena for arbeidstrening, seier Lena Gjernes, fagansvarleg i Kveik AS.

Kveik AS leverer arbeidsretta tiltak til Nav, både på Voss og i Hardanger. Oppdraget til verksemda er å hjelpa dei som av ymse årsaker ikkje er i arbeid, med å skaffa seg jobb eller starta med utdanning. Kveik er lokalisert på Voss, og er på vitjing på garden kvar tredje veke for å fylgja opp arbeidarane. Oppfylginga frå Kveik kan vara inntil to år.

Ikkje berre gardsarbeid

   -Me startar alltid dagen med fjøs og hønsehus. Det er obligatorisk, seier Jan Roy.
Utover det er det utruleg mykje anna arbeidarane held på med. Det er anleggsarbeid, graving med gravemaskiner, skruing på verkstad, skogsarbeid og elles førefallande arbeid på garden. Dei har også eit treningsrom tilgjengeleg på garden.

Kari Britt har både husflid- og matkompetanse, så nokon er gjerne med på å førebu lunsj og baka. Iblant lyt dei reparera arbeidsklede, til dømes. Spekteret er breitt. Dei får opplæring i det dei vil, og det er lov å koma med ynske. Nokre likar seg betre i hønsehuset enn i verkstaden. Det er òg ein god arena for å vera saman med andre menneske, som gjev positiv effekt på sjølvkjensla.

Kari Britt og Jan Roy Eide hadde fire arbeidarar på garden i fjor. Tre av dei har no kome seg ut i arbeidslivet. -Det er kjekt å sjå utvikling, seier Eide

Avhengige av næringslivet

Når arbeidarane er klare for å prøva seg i ordinært arbeid, får dei moglegheit for vidare arbeidspraksis i ordinære bedrifter. Nav og Kveik er avhengige av å ha eit næringsliv som opnar dørene og tek ein sjanse. I tida med pandemi har det vore meir utfordrande å finna praksisplassar, men dei meiner like vel at næringslivet i stor grad er villig til å ta imot. God dialog med arbeidsgjevarane er naudsynt for å lukkast. Arbeidsgjevarane kan ikkje alltid tilby fast jobb etterpå, men då har arbeidarane ein god referanse som dei kan ta med vidare på leit etter arbeid.

   — I fjor var det fire som var på arbeidsretta tiltak, og tre av dei kom seg ut i arbeid. Det er veldig kjekke tal, seier Gjernes.

Arbeidarane treng å testa arbeidsevna si av forskjellige grunnar. Hovudmålgruppa er innan psykisk helse og rus, men det kan òg vera eit vondt kne som har drege dei ut av arbeidslivet.

Gjernes er på vitjing på garden kvar tredje veke. Då snakkar dei om korleis den siste tida har vore og kva dei har lært, legg handlingsplanar og ser om det trengst tilpassingar.
  — Det er veldig kjekt å koma hit. Det er alltid god stemning på garden, det skjer noko heile tida og det er kjekt å sjå korleis arbeidarane utviklar seg. Jan Roy og Kari Britt gjer ein fantastisk jobb, og me har eit veldig godt samarbeid, også med Nav Kvam, seier Gjernes.

Bratt læringskurve

Det betyr mykje å bli møtt, å få veksa og å få koma vidare i livet. Det betyr òg mykje å få vera til hjelp. For Kari Britt og Jan Roy er det svært gjevande å sjå utviklinga til arbeidarane.
   — Å få inn deltakarar med lita arbeidserfaring, og så sjå korleis dei får auka sjølvtillit og meistrar så mykje, er fantastisk. Frå å ikkje gjera nokon ting til å få opplæring på motorsaga og kunne fella ei svær furu så snøen fyk. Å sjå den meistringskjensla lysa gjennom er utruleg kjekt, seier Jan Roy.

Bonden fortel om arbeidarar som har tykt at kalvane har vore skumle i starten, men som i ettertid går inn i oksebingen og tek tak i oppgåver der. Dei utviklar også leiareigenskapar. Dei er flinke til å læra kvarandre opp når det kjem inn nye.

Klar for å jobba

Christoffer Øystese har vore på garden i snart eitt år. Tidlegare sat han mykje heime. No er han motivert og klar for å koma seg ut i arbeid.
   — Det viktigaste eg har lært er nok å koma meg opp om morgonen. Eg ser at eg har forbetra meg veldig mykje, seier Øystese.

I byrjinga likte Christoffer Øystese seg best i verkstaden. Det var tryggast der. Etter kvart losna det. Her er han i hønsehuset. Å sortera egg krev konsentrasjon, effektivitet og eit trent auga.

I byrjinga likte han seg best i verkstaden. Det var tryggast der. Etter kvart losna det. No er han med på det meste. Han kløyver ved, arbeider i skogen, skrur i verkstaden og er i hønsehuset.

Øystese-karen håpar å finna ein bra arbeidsgjevar. Det største ynsket er å jobba på smelteverket i Ålvik. Der hadde han sommarjobb, og då likte han seg veldig godt.

— Korleis motiverer du deg?
— Eg vert motivert av tanken på å få meg ein fast jobb. Å koma meg vidare frå der eg har vore. Før sat eg berre heime og glodde, fortel Øystese.

Det er felles for veldig mange. Dei ynskjer å få seg arbeid og vera sjølvstendige. Gjernes i Kveik har mykje fint å seia om Christoffer.
— Christoffer har hatt ei kjempeutvikling. No ser me at han er klar for arbeid, og me trur han har masse å bidra med, seier Gjernes.
— Ja, eg er klar, eg, kjem det frå arbeidskaren.