I fast jobb gjennom Kveik

November 2019. Det er gått eit år sia Steinar fekk fast jobb i Tecno ventilasjon AS og jobbkonsulenten har invitert Steinar inn på kontoret for ein prat om vegen hans ut i arbeid.

Når Steinar møtte Kveik for fyrste gong i 2017, var det med skeptiske auge. Steinar fortalde den gongen til jobbkonsulenten at han i grunn berre trengte ein jobb, men det var litt vanskeleg og kome i gang. Det hadde seg nemleg slik at CVen hans hadde fått eit nokså stort hol utan arbeid eller skulegang.

« Eg hadde økonomiske midlar og tak over hovudet. Eg brukte tida mi på dataspel og hadde verken behov eller motivasjon for å finne meg ein jobb eller videre skulegang».

Den fyrste tida på Kveik vart nytta til å finne «drive» og motivasjon for å hjelpe Steinar ut i arbeid. Saman landa Steinar og jobbkonsulenten på at praktisk arbeid ville vere mest høvande, fordi han tidlegare har likt å hjelpe familie og bekjente med diverse arbeid, og han visste att han var ganske «nevenyttig».

Han byrja i intern arbeidsutprøving på Kveik for å få kontroll på manglande døgnrytme. Jobbkonsulenten som fylgde Steinar fortel;

«Me såg ei endring den dagen du fekk gjere noko du syns var kjekt. Bygge pumpehus var det vel?  Det var tydleg at  opplevinga av meistring og ansvar gjorde noko med deg».

Gjennom Kveik sitt nettverk kom ein i kontakt med Tecno ventilasjon AS. Eit lokalt ventilasjonsfirma. Med oppfølging frå jobbkonsulent byrja Steinar i praksis som ventilasjonsmontør her. Steinar meistra jobben på ein god måte og etter nokre månader kom lovnad om fast jobb, men med føresetnad om at Steinar tok sertifikat. Med drive og motivasjon på plass var dette ingen sak, og Steinar vart tilsett i Tecno ventilasjon 1. november 2018.

«Med å kome i arbeid har eg fått stabilitet, økonomisk frihet, ansvar og kjekke kollegaer. Kveik har bidratt med å peike ut ein retning. Dei har hatt tru på meg, sjølv om eg ikkje har gjort noko for å fortjene det».

Steinar ser framover i dag. Han har som mål å ta svennebrev i blikkenslagarfaget. Når han får spørsmål om kva han vil seie til andre som for tilbod om arbeidsmarkedtiltak på Kveik svarar han;

«Det er ikkje farleg å få hjelp av Kveik. Det er berre kjekke folk der, og eg lærte mykje om meg sjølv den tida eg fekk bistand frå Kveik».

Dagleg leiar i Tecno ventilasjon AS Erlend Flotve har også gjort seg opp nokon tankar om det å få arbeidskraft gjennom Kveik.
«Eg var skeptisk når telefonen frå Kveik kom. Men jobbkonsulenten kjente Steinar godt, og kunne gå god for han.  At det ikkje var nokon krav til tilsetjing i byrjinga gjorde det også enkelt å sei ja. Det var tryggande at jobbkonsulenten fylgde opp heile vegen. Når eg såg at dette fungerte, at Steinar gjorde ein god jobb, var det lett å tilby han fast stilling. Me er veldig nøgd. Når ein ser at det kan få eit slikt positivt utfall, gjer det det enklare å sei ja til noko slikt igjen».

www.tecno.no