Me som bedrift, samt våre kundar og leverandørar, har eit stadig større fokus på miljø. Utover hausten har me jobba mot miljøfyrtårnsertifisering og torsdag 16 desember 2021 fekk Kveik gladmeldinga at me er sertifisert som miljøfyrtårnsbedrift.

Som miljøfyrtårn tek me eit aktivt miljøansvar og bidreg til grøn omstilling, og me er forplikta til å dokumentera eigen miljøinnsats innanfor områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.