«Det har eg ikkje prøvd før, så det går sikkert fint!» Filip  

Det siste året har vore utfordrande for dei som har stått utanfor arbeidslivet. Næringslivet har permittert folk i staden for å tilsette folk, og i periodar har oppfølginga på Kveik vore heildigitalisert. I det siste har det heldigvis vore betring i arbeidsmarknaden, og det har vore mange ledige stillingar i fleire ulike bransjar. Ein av dei som har nytta sjansen er Filip (24).  

Filip har dei siste åra jobba i helsevesenet. Han gjekk på helsefag på vidaregåande, og etter litt tilfeldigheiter byrja han som lærling i portørfaget ved Voss sjukehus. Filip vart usikker på om dette var eit yrke for han, og det vart difor bestemt at Filip skulle ta ein pause i læreløpet. Denne pausen skulle han bruke til å få karriererettleiing på Kveik. Ved hjelp av ulike verktøy som kartlegg interesser og ressursar, kom jobbkonsulenten fram til at Filip hadde avgrensa erfaring frå arbeidslivet, men at han var open for å prøve ut ulike typar arbeid. Filip tilbringar mykje av fritida si i bilen sin, så me tenkte at ein jobb som sjåfør kunne passe godt til han.   

Etter om lag 4 månader i intern arbeidspraksis på Kveik, der Filip fekk prøva seg ut som sjåfør på ulike transportoppdrag, fekk me nyss om at det kunne vera ei ledig stilling hjå Olav Rogne AS. Arbeidsoppgåvene gjekk ut på å stille på jobb kl. 04.00 for å losse trailerar som kjem med varer til Schenker sin terminal, og deretter køyre ulike lokale ruter med varebil. Jobbkonsulenten kontakta verksemda, og me vart einige om at Filip skulle få hospitere hos dei i tre veker. I hospiteringsperioden hadde Filip fokus på å verta sjølvstendig i arbeidsoppgåvene, og å vera på tilbodssida dersom han vart beden om å gjere noko ekstra. Då perioden med hospitering var over, var arbeidsgjevar så nøgd med arbeidet hans at dei valde å tilby han fast stilling.