Reportasje i avisa hordaland tysdag 04.05.21

På Kveik jobbar dei med å få folk tilbake i jobb, og året 2020 la ingen dempar på arbeidet dei driv med.

Tekst og foto: Marit Folkedal Lussand mfl@avisa-hordaland.no

Me hadde ei snittformidling på 62 prosent, noko som er mellom landets beste resultat samanlikna med andre arbeids- og inkluderingsverksemder. Vår snittformidling steig faktisk under koronaåret som var, fortel Svanhild Tufteland Tvilde, avdelingsleiar på Kveik.

Venteliste
– Dei som er i tiltak her kan til dømes vera nokon som av ein eller anna årsak ikkje kan forsetja i yrket sitt. Eller det kan vera nokon som ikkje har fullført vidaregåande, og treng hjelp med å koma seg ut i arbeidslivet, forklarar Tvilde.

På Kveik har dei fleire tiltaksplassar.
– Me har 26 VTA-plassar, det vil seia varig tilrettelagt arbeid, og 28 AFT-plassar, som står for arbeidsførebuande trening. Me dekkjer eit stort område, med mange kommunar kring Voss. I tillegg har me anbodstiltak som har som mål å styrkja eller avklara arbeidsevne. Som regel er det ventelista på tiltaka me har.

Finn gode løysingar
Ho fortel at arbeidsførebuande trening er eit satsingsområde frå regjeringa.
– Når dei kjem til oss så finn me ut kva denne personen har eit ynskje om. Om dei ikkje veit kva dei vil så har me forskjellige karriereverktøy å nytta, der me jobbar ut ifrå interesser og ynskje. Så får dei prøva seg i praksis på ein arbeidsstad.

Eit døme kan vera om ein ynskjer å arbeida med menneske, kan ein få prøva ut ulike yrke som famna om dette.
– Det kan òg vera personar som kanskje er skuleleie, som vil rett i jobb. Alle har ulike behov og ynskjer, og det er vår jobb å finna gode løysingar for kvar enkelt, seier Tvilde.

Rosar næringslivet
Under arbeidspraksis vert dei fylgt opp av Kveik, som jobbar med å finna ein god match mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.
– Me er heilt avhengige av eit godt samarbeid med næringslivet for å lukkast, fortel Tvilde.

Ho rosar næringslivet som gjev dei på tiltak moglegheit til å koma seg ut i arbeidslivet.
– Kveik hadde ikkje lukkast med formidling i så stor grad, hadde det ikkje vore for arbeidsgjevarane. Det kan vera ein trygg måte å rekruttera arbeidskraft på som gjer at mange arbeidsgjevarar er positive.

Ikkje plass til fleire
På Sport1 på Amfi er Ragnar Grønås og Kjetil Brusveen i full sving med å gjera om butikken frå vintersesong til sommarsesong. Kjetil har no vore tilsett i butikken sidan kring midten av sommaren, etter han hadde vore her på arbeidsutprøving sidan mars/april, med unntak av periodar der butikken var stengd grunna korona.
– Eg likte veldig godt jobben, og det er veldig trivelege folk her. Det er eit veldig bra arbeidsmiljø, det er kjekt eg vart tilsett, fortel Kjetil.

Kjetil Brusveen og Ragnar Grønås fortel om eit godt arbeidsmiljø i sportsbutikken

Då Ragnar fekk førespurnaden frå Kveik om å ha nokon i prøve i butikken, hadde han eigentleg ikkje noko ledig stilling.
– Men eg sa no ja til ein prøveperiode, og såg veldig fort at han var nokon som passa godt inn i butikken vår. Etter å stokka litt om i kabalen, fekk me til å tilsetja han.

Karrierebyte
No jobbar Kjetil i 40–50 prosent stilling, der det gjerne vert litt ekstra i sesong og travle tider. Han er eigentleg utdanna kokk, og jobba som kokk i 10–12 år på Austlandet. Etter han flytta tilbake til Voss slutta han som kokk, og starta å få behandling på Bjørkeli.
– No går eg til behandling på Bjørkeli eit par dagar i veka, og no kjenner eg at eg har funne ein fin balanse som passar meg.

Ved hjelp av Kveik fann han ein jobb som passar han godt.
– Eg har eigentleg visst heile livet at eg likte å jobba i serviceyrket. Eg likar godt å prata med kundane, og ha kontakt med folk i jobben. Det fekk eg ikkje så mykje av når eg stod på kjøkkenet. Og stresset i denne type jobb er ein heilt anna type stress, fortel Kjetil.
– Ingenting som svir seg her, legg Ragnar til.

Friluftsliv i blodet
Kjetil fortel at han likar seg godt i fjellet, og i tillegg er familien hans er friluftsmenneske.
– Det ligg liksom i blodet.
– Han kan utruleg mykje om det me har i butikken, og er veldig flink på kundeservice. Om nokre andre arbeidsgjevarar får liknande førespurnad vil eg verkeleg anbefala dette. For oss har det vore heilt topp å verta kjent med Kjetil, og få han som tilsett, seier Ragnar.

Eit lukketreff
Kim Marcus Norheim har vore tilsett i over eitt år på Clas Ohlson no, etter han via Kveik fekk ha arbeidsutprøving i butikken.
– Det vart eit lukketreff, seier dagleg leiar Torstein Røthe.

Prøveperioden til Kim Marcus varte over fleire månadar, og totalt sett har han no vore lenge i butikken.
– Det er kjempekjekt. No har eg vore tilsett her sidan januar 2020, fortel han.

Torstein Røthe og Kim Marcus Norheim har funne tonen på Clas Ohlson

Lærerik oppleving
Torstein fortel at han som arbeidsgjevar har lært mykje av prosessen å ha nokon som går på tiltak i butikken.
– Me har lært nye måtar å driva opplæring på. Me tar oss betre tid, slik at nytilsette faktisk får den opplæringa dei treng.

Han har sjølv ikkje vore borti å ha folk i butikken i ein sånn type prøveperiode, men var ikkje i tvil om å prøve det ut.
– Det var ei super moglegheit, og det viste seg å vera ganske gjevande. Det er viktig å tore å satsa på folk som ikkje nødvendigvis er heilt A4. For oss vart dette veldig positivt, og me er så glade for å ha blitt kjent med Kim Marcus.

Gler seg
Fleire i leiinga i butikken samla seg for å skildra Kim Marcus, og der vart det nemnt stikkord som humørspreiar, fargeklatt og lojal. For Kim Marcus har dette òg vore ei positiv oppleving.
– Eg gler meg kvar dag til å koma på jobb, det er veldig kjekt å jobba her. Han satsar no på at jobben skal vera langsiktig for han.
– No har eg ei 80 prosent stilling, og eg jobbar mot på å ha 100 prosent på sikt.

Vinn-vinn situasjon
Då Stephen Malkenes Takvam tok over stillinga som dagleg leiar på Rema 1000 i Skulestadmo i starten av 2020 var det alt ei ordning med å ha folk på arbeidsutprøving i butikken via Kveik.
– Dette er ei så bra ordning at det var klart at eg måtte fortsetja med det. Ordninga med arbeidsutprøving er ein vinnvinn situasjon. Under vanlege intervju vert ein ikkje lika godt kjent, og om det vert behov for folk i butikken er det lettare å tilsetja dei som har vore her tidlegare, dei som eg veit kan fungera i butikken.

Per i dag har han eit par personar i butikken i ei prøveordning, der ein er i eit 50/50 samarbeid med NAV, og ein som nyleg har byrja i sin arbeidsutprøving frå Kveik.
– Om ikkje det er ledig stilling her, får dei i alle fall erfaring frå butikk dei kan ta med seg om dei skulle søkja andre jobbar.

Utan arbeid i seks år
Og ein av dei som vart tilsett i butikken er Anders Vethe, som hadde vore i arbeidsutprøving i butikken i eit par månadar før han vart tilsett ein månads tid etter at Stephen overtok som dagleg leiar.
– Eg likte meg veldig godt i butikken, og det var så kjekke folk som jobba her. Eit godt arbeidsmiljø har mykje å seia, fortel Anders.

Før Anders Vetha var tilsett hjå Rema 1000 gjekk han utan arbeid i seks år. No har han funne seg ein god arbeidsstad

Noko av det som overraska han mest, var at han likte å jobba med folk og kundar, noko som tidlegare har vore eit problem for han.
– Før eg vart tilsett på butikken her var eg ikkje i arbeid på seks år. No er eg veldig glad i jobben her, og satsar på å vera her lenge.