Begrensa aktivitet hjå Kveik under korona – utbrotet

Me er alle i ein veldig spesiell situasjon for tida med tanke på korona-utbrotet. Kveik tek situasjonen på høgaste alvor og har tatt våre forhandsregler. Me forheld oss til kva informasjon som kjem ut frå Folkehelseinstituttet og NAV, i tillegg til at me tek løpande vurderingar for våre tilsette og produksjon / servicetenester.

Frå 13 mars skal ikkje deltakarar i tiltaka arbeidsførebuande tiltak (AFT) og varig tilrettelagt arbeid (VTA) møte i intern eller ekstern praksis hjå Kveik. I tiltaka ARR, Oppfølging og avklaring vil ein ikkje ha fysiske møtepunkt, ein vil kunne ha oppfølging pr telefon eller videomøter. Jobbkonsulentane våre nyttar seg av heimekontor i tida framover men er tilgjengeleg.

Produksjon- og servicetenester vert stengt frå i dag 16 mars.

Catering og matlevering går foreløpig som normalt men kan verta stengt på kort varsel.

Ta vare på kvarandre❤