Equass Kveik

EQUASS – kvalitet i fokus
Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett krav om kvalitetssikring med ekstern revisjon og sertifisering for å kunne drifte arbeidsmarknadstiltak. Kveik AS har valt EQUASS assurance (European Quality in Social Services) som er eit europeisk system for kvalitetssikring av velferdstenester. Dette gjev oss som tenesteleverandør i velferdssektoren anledning til å sikre kvaliteten av tenestene ovanfor brukarar og andre samarbeidspartar.

Kveik AS har sidan 2013 fylgt dei høge kvalitetskrava frå EQUASS og bestod igjen EQUASS-sertifiseringa februar 2018. Det betyr at me er sertifisert i 3 nye år under føresetnad av at det vert levert ein årleg progresjonsrapport. I 2021 må sertifiseringa fornyast.